Brannvern og feiing

Alarmtelefon: 110

KORT FORTALT


Brannsjef i Haugaland Brann og Redning IKS: Dag Botnen
Områdeleiar beredskap for Etne og Skånevik: Finn Ulvund 

Bålbrenning

Ved all bålbrenning må du fylle ut dette nettskjema med melding om bålbrenning.  
All bålbrenning er i utgangspunktet forbode i perioden 15. april - 15. september.  Link til lokal forskrift

Søknad om fritak

Søknad om fritak for feiing og tilsyn

Etne brannstasjon

Beredskapsstyrken ved Etne brannstasjon har følgjande utstyr til disposisjon på brannstasjonen:

  • Mannskapsbil med minst 2000 liter vatn, mannskapskabin, naudsynt utstyr som førsteutrykkingsbil
  • Redningsbil med frigjeringsutstyr
  • Reservebrannbil og utstyrsbil, Dodge
  • Tankbil med 6000 liter vatn (i sameige med Vindafjord brannvesen stasjonert i Ølen)
  • Pumper, slangar og anna sløkkeutstyr tilpassa risikotilhøva og i høve til dei tilleggsoppgåvene brannvesenet er tillagt

Brannførebyggjande avdeling

Haugaland brann og redning IKS

Branningeniør: Solveig Hortman, tlf 53 65 61 33

Brannførebyggjande avdeling er ei interkommunal ordning mellom Etne og Vindafjord kommunar der branningeniør rullerer i dei 2 kommunane.
Arbeidsoppgåver er mellom anna branntilsyn, ansvar for feietenesta, opplæring i skular og barnehagar.
Feietenesta inngår i brannførebyggjande avdeling, og utfører mellom anna tilsyn med piper og eldstader og feiing av piper.

Kontaktperson for feietenesta er Torsten Meinke tlf. 91726933

Skånevik brannstasjon

Beredskapsstyrken ved Skånevik brannstasjon har følgjande utstyr til disposisjon på brannstasjonen:

  • Mannskapsbil med 2000 liter vatn, mannskapskabin, naudsynt utstyr som førsteutrykkingsbil
  • Reservebrannbil og utstyrsbil, Dodge
  • Pumper, slangar og anna sløkkeutstyr tilpassa risikotilhøva, og i høve til dei tilleggsoppgåvene brannvesenet er tillagt