Kompetansekartlegging
Anten rett før eller rett etter at du har blitt busett vil kommunen kartleggje kva du har av språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring eller annan kompetanse som kan vere relevant.
Karriererettleiing
Etter kartlegging av kompetanse, vil fylkeskommunen gi deg karrierevegleidning og sørgje for at introduksjonsprogrammet blir tilpassa deg og behova dine.
Integreringsplan og kontrakt
I samarbeid med deg vil kommunen lage ein plan som blant anna inneheld måla, lengda og yrkesplanane dine.
Samtidig skriv du ein kontrakt med kommunen. Kontrakten forpliktar deg til å følgje måla og programmet.
Introduksjonsprogrammet
Når du startar programmet, vil kommunen saman med deg setje eit mål for kva du skal ha oppnått når programmet er slutt.
Dersom du har vidaregåande utdanning, vil sluttmålet vere å kvalifisere til høgare utdanning.
Dersom du er under 25 år og ikkje har vidaregåande skule frå før, vil sluttmålet vere å fullføre vidaregåande skule.
Du kjem til å lære:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Livsmeistring i eit nytt land
- Anna som er relevant for arbeid eller utdanning
- Foreldrerettleiing dersom du har barn.
Målgruppe
- Du er innvandrar og er mellom 18 og 55 år
- Du har fått opphaldsløyve
- Du er anten busett i ein kommune eller ventar på å bli busett.
Kriterium/vilkår
Det finst forskjellige typar opphaldsløyve. Introduksjonsprogrammet er for deg som:
- Har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
- Har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
- Har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
- Har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
- Har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
- Har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Sjå spesielt integreringslova kapittel 4 og 5 og § 47 om klage.
Lovar
Forvaltningsloven
Integreringsloven
Forskrifter
Integreringsforskriften
Praktiske opplysninger
Klagemulighet
Du kan klage på vedtak om
- løyving eller avslag på deltaking
- introduksjonsstønaden
- vesentlege endringar i integreringsplanen
- at programmet blir stansa
- at programmet blir forlengt
- godkjenning av permisjon
- søknad om fritak.
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.