Du er her: Heim Tenester A-Å

Byggjetiltak (mindre) på eigedom som det er bygt på frå før

Oppdatert: 16.10.2019 11:52
Generelt
Omtale

Dersom du ønskjer å setje i gang eit mindre byggjetiltak på eigedommen din, må du søkje om løyve frå kommunen. Eit mindre byggjetiltak er

  • oppføring av eitt enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 50 m2. Tilbygget kan ha kjellar
  • oppføring av éin enkelt frittliggjande bygning som du ikkje skal bu i. Samla bruksareal eller bygd areal kan ikkje vere over 70 m2. Bygningen kan ha inntil éin etasje og i tillegg ha kjellar 
  • bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining, til dømes å gjere om ei kjellarbu til kjellarstove
  • oppsetting eller montering av skilt, reklameinnretningar o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høgd inntil 3,5 meter og breidd inntil 1,5 meter montert frittståande på terreng. Skiltet må ikkje utgjere fare for persontryggleiken. Det kan ikkje monterast fleire på same staden/fasaden 
  • oppsetting av antennesystem med høgd inntil 5 meter. Antenna må ikkje utgjere fare for persontryggleiken. Det kan ikkje monterast fleire på same staden/fasaden

Det finst nokre søknadspliktige byggjetiltak du kan stå som ansvarleg for sjølv. Det vil seie at det ikkje er pålagt med ansvarlege føretak. Sjølv om det ikkje er nødvendig med ansvarlege føretak, gjeld dei tekniske krava fullt ut.

Kommunen kan òg unnta andre mindre tiltak frå kravet om ansvar dersom det etter ei vurdering ikkje er behov for å krevje at eit byggjetiltak gjennomførast av ansvarlege føretak.

Kriterium/vilkår
  • Nabovarsling må vere gjort
  • Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Regelverk

Sjå spesielt plan- og bygningslova § 20-2, kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknaden), kap. 29 (Krav til tiltaket) og byggesaksforskrifta kap. 3.



Lover
Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven

Forskrifter
Byggesaksforskriften (SAK 10)
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå eitt eller fleire av vilkåra (sjå over).

Skjema
Byggesøknad for deg som ønsker å bygge eller rive
Vedlegg
  • Situasjonskart
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
  • Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader

Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.

Sakshandsaming

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.

Sakshandsamingstid

Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå annan myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyvet for gjeve, såframt at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. Har det derimot kome protestar frå naboar/tverrbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyvet for gjeve.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Eikemo, Bjørn
Kontaktpersonar
Olav Lovra Viskjer (Rådgjevar)
Telefon: 53758237
Mobil:
Telefaks:
Epost: olav.lovra.viskjer@etne.kommune.no
Lars Idar Yrke (Rådgjevar)
Telefon: 53758235
Mobil:
Telefaks:
Epost: lars.idar.yrke@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-10-16 11:52