Bull-Tornøe, Maria Olseth1

Bytta ut papirfaktura med eFaktura – vann iPad!

Maria Olseth Bull-Tornøe vart vinnar av ein iPad ved å opprette eFaktura hos oss. Ho fekk overrekt gevinsten rett før påske.

I perioden 1. oktober til 31. januar hadde alle kommunane på Haugalandet som har Haugesund Sparebank som hovudbank ein felles kampanje for å auke bruken av eFaktura og AvtaleGiro. I alle kommunane blei det trekt ut premiar, og i Etne kommune blei Marie Olseth Bull-Tornøe den heldige vinnaren av ein iPad Air 2. Marie har kombinert eFaktura og AvtaleGiro. Rekningar frå Etne kommune vert då sendt direkte til ho i nettbanken, og blir lagra der. Varsel kjem som eFaktura, og rekninga blir automatisk betalt på forfallsdato.

Etne kommune oppmodar alle til å ta imot fakturaen elektronisk framfor på papir. Dette gir fordelar for både deg, kommunen og sparar miljøet for mykje papir. Både innbyggjar og kommunen har kontroll på at faktura er kommen til rett mottakar, og alle data vert automatisk registrert korrekt hos kommunen.
 

eFaktura

Med eFaktura får du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du slepp å taste lange KID- og kontonummer når du skal betala rekninga, det einaste du treng å gjere er å godkjenne betalinga.

Du kan sjølv velje å endre beløp og forfallsdato på ein eFaktura. Når du har betalt rekninga, oppbevaras den elektronisk i nettbanken. På denne måten har du til ei kvar tid full oversikt over både betalte og ubetalte rekningar. Du kan velje å bli varsla på epost kvar gong du mottar ein ny rekning i nettbanken. I tillegg er det praktisk å ikkje vere avhengig av postkassa, når du til dømes er ute og reiser.
 

AvtaleGiro

AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken sørgjer for at rekningane betalast direkte frå din konto på forfallsdato. Du har full oversikt og kontroll over rekningane dine sjølv om AvtaleGiro trekka blir gjort av banken. Når du betaler din neste rekning frå din kommune, vil du i de fleste nettbanker bli spurt om du ønskjer å opprette ein AvtaleGiro-avtale. Ved å akseptere tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft og må betale rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivisert. Har du ikkje nettbank, ta kontakt din bank direkte for å opprette AvtaleGiro.
 

Kombinasjon av eFaktura og AvtaleGiro

Me tilbyr også ein kombinasjon av desse to. Det vil seie at rekninga blir betalt automatisk på forfallsdato og eFaktura vil fungere som varsel for betalinga. Rekninga vert sendt direkte til nettbanken din og vert lagra der.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut