Corona2

Covid-19 status i Etne kommune

Det er ikkje meldt om nye Covid-19 smitta i Etne kommune siste veka. Risikonivået for Etne kommune er derfor satt til nivå 1

Les meir om risikonivå på Statsforvaltaren sin nettstad: Risikonivå i Vestland | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)
Me føl nøye med på smittesituasjonen på Haugalandet.
 
Per nå føl Etne kommune dei nasjonale reglane og anbefalingane skildra i denne figuren: 

Nasjonale_tiltak.jpg

Du kan lese meir om dei nasjonale tiltaka på denne nettstaden: Nasjonale smitteverntiltak: Lettelser for barn, unge og studenter - regjeringen.no
 
 
Vinterferie
Me vil oppmoda alle i Etne kommune om å ta med seg gode smitteverns rutinar på vinterferie i neste veke. Det er viktig at me avgrensar vår sosiale kontakt, og held oss heime om me kjenner oss sjuke. Husk at god handhygiene er viktig, og at ein bør halde minst 1 meter avstand til andre utanfor eigen heim. 
 
Slik kan vinterferien tilbringes i Norge - regjeringen.no
 
Vaksine
I veke 8 får me tilsendt Pfizer/BioNTech sin vaksine, men berre nok til å gi dose 2 til dei som vart vaksinert i veke 5. I veke 9 er det og berre nok Pfizer/BioNtech vaksine til å gi dose 2 til dei som er vaksinerte. i veke 6. I tillegg vil me få AstraZeneca vaksine som skal nyttes til helsepersonell mellom 18-65 år. Me håpar derfor at me får meir vaksine frå veke 10, slik at me kan tilby fleire personar vaksine.
 
 
Bjørn Tollefsen                                                                                                                               Elisabeth Winterthun                                                                                   
Kommunedirektør                                                                                                                        Kommuneoverlege
 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut