Detaljregulering for bustadfelt Øvre Fitja

Komité Natur (Det faste utval for plansaker), har i sak 020/12 i møte 26.1.2012 vedtatt at R-104 Detaljregulering for Øvre Fitja skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og bygningslova.

Planområdet er på ca 175daa, og vert foreslått regulert til 59 nye bustadtomter med friområde og vegareal.

Her er lenker til:
Plankart.
Føresegnene til planen.
Vedtak (Møtebok).

Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan 16.04.2012

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut