Økonomisk tilskot til klima og miljøtiltak 2013

Hordaland fylkeskommune har sett av kr 600.000,- til innsats for klima og miljø i Hordaland for 2013. Kr 400.000 skal gå til lokale tiltak og kr 200.000 er øyremerka til frivillige miljøorganisasjonar med fylkeslag. Søknadsfrist er 1. april 2013.

Me inviterer lag og foreningar, kommunar, bedrifter eller andre som i fellesskap ønskjer å medverka til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling til å søkja om støtte.

Ver venleg å merka søknaden  "Lokale tiltak - 2013" eller "Miljøorganisasjonar - 2013", ref: 201112858

SØK INNAN 1. APRIL

per post til:
Hordaland Fylkeskommune, Sentralarkiv, Pb 7900, 5020 Bergen eller elektronisk til: sentralarkivet@hfk.no

Kontaktperson:
Stina Ellefseth Oseland
e-post: stina.oseland@hfk.no
Tlf: 55 37 80 11

Les meir på: Støtte til miljøtiltak 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut