Detaljregulering for Øvernes del av gnr. 54 bnr. 3

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 3/13 i møte 26.2.2013 endeleg godkjend detaljregulering for Øvernes, del av gnr. 54, bnr. 3, etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på om lag 50 da, og er regulert til masseuttak, vegetasjonsskjerming, anna veggrunn og sikringssone for tunnel mm.

Her er lenker til:
Plankart dagsett 13.9.2012.
Føresegnene til planen revisjon dagsett 29.1.2013.
Vedtak (Møtebok) dagsett 26.2.2013.

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i medhald av §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 2.4.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut