Romjulstreff

Romjulstreff i Ølen

For dei som tok turen til kulturhuset i Ølen fredag i romjula kunne dei treffa ordførar Sigve Sørheim og Grethe Sandven Sølvberg på Etne kommune sin stand.

Etne og Vindafjord Næringsutvikling, Vindafjord Tomteselskap, Vindafjord Næringshage og Vindafjord Arbeidsgiverforum inviterte utflyttarar, innflyttarar og andre interesserte til eit sosialt treff med vekt på arbeids- og bumoglegheiter i Vindafjord og Etne. Der kunne du treffa eit utval bedrifter frå distriktet, få oversikt over arbeidsmarknaden, attraktive tomter og hus samt oppvekst -og fritidstilbod.

Det var og fleire underhaldningsinnslag på programmet.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut