Landa- og Vatsvatnet, Skjoldafjorden

Fagmøte grovfôr

Fokus-optimal utnytting av husdyrgjødsel. Vindafjordhallen torsdag 4. desember kl 10-14.

Våtsåing v/ Geir Paulsen-Bioforsk og Kyrre Vastveit- Agromiljø

Avling og ballansert gjødsling v/ Håkon Pedersen

Mine røynsler med ny gjødselkum v/ Alf Egil Vaula

Nytt frå aksjon Vatsvassdraget v/ Harald Velde

Renseparkar v/ Harald Olav Stuhaug – Vindafjord Kommune

 

Gratis møte med matservering. Påmelding innan 1 des til :

Håkon Pedersen tel 94876870 e-post hakon.pedersen@nlr.no

 

Arr: Aksjon Vatsvassdraget og Haugaland Landbruksrådgjeving

 

Landa- og Vatsvatnet, Skjoldafjorden.jpg 
Foto av Landavatnet, Vatsvatnet og Skjoldafjorden

 

 

Meir om våtsåing

Vi har forsøksfelt i Ølmedal i samarbeid med Bioforsk og Agromiljø.

På møtet vil du lære om prosjektet «Planmessig vedlikehaldsåing med våtsåingsmetoden»

 

Målet med prosjektet er «Auka berekraftig grasproduksjon og betre grovfôrkvalitet med våtsåing»

Vi er på jakt etter å finna ut meir om kva forhold som påverkar spiring og etablering av gras etter våtsåing, og om dette kan vera ein metode for å oppnå stabilt høgare grasavlingar

Vi vil også utvikla rådgjevingsverktøy for å kunne vurdera mulighet for suksess med direktesåing/våtsåing, og vurdera økonomien i dette.

Direktesåing har vist seg å vera ein usikker såmetode. Vi håpar at ved å starte isåing allereie i 1. engår vil enga vera så open at frøet får god jordkontakt, og at dette også kan vera ein metode for å halda enga open i lengre tid, og sikre større suksess ved direktesåing. På denne måten håpar vi å halde kvalitet og avling oppe i enga lengre, og spara arbeid med sjeldnare fornying på tradisjonell måte med pløying.

 

Avlingsregistreringar i Vats

I år har vi utført avlingsregistreringar i Vats med stønad frå Fylkesmannen i Rogaland. Du vil få info om dette på møtet.

MÅL : Vi vil ha svar på kva grovforavlingar dei oppnår som driv med miljøvennlig spreiing av husdyrgjødsel og har etablert miljøavtalar.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut