Nytt høgdegrunnlag

INNFØRING AV NN2000- Nytt høgdesystem i Etne kommune

Noreg er i ferd med å innføra eit nytt høgdesystem, NN2000, det erstattar høgdesystemet frå 1954, NN1954.

 

Høgdesystemet er referansen som ligg til grunn når ein fortel kor mange meter over havet (moh.) noko ligg. Til dømes ein fjelltopp, eit vatn eller ein bygning.

Noreg hevar seg framleis etter istida og høgda endrar seg med opp til 5 millimeter i året. Med variasjon i ulike delar av landet. Difor vert nytt NN 2000 innført.

Høgdesystemet i bruk til no er NN1954. Det står for «normal null av 1954» og er eit 60 år gamalt system med sine feil og manglar. Nokre stader i landet er høgdane meir enn 30 centimeter for låge. Dette fordi NN1954 ikkje har vore korrigert for landhevinga dei siste 60 årene.

Etne kommune innfører 08.07.2015 det nye høgdesystemet NN2000.

Kartet under viser korleis endringa i høgde varierer rundt om i landet.

Utfyllande informasjon finn du her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut