Solfrid Frette[1]

Kandidat til «Årets reinhaldar 2018»

Fagforbundet skal kåre årets reinhaldar i dag 3. desember, vår Solfrid Frette er nominert!

Prisen for «Årets reinhaldar» vert delt ut til ein person som i løpet av det siste året har ytt ein spesiell innsats for reinhaldsfaget, kollegaer, kvalitetsutvikle reinhaldtenesta, er samfunnsengasjert og inkluderande og på ein eller annan måte har utmerka seg gjennom sitt daglege arbeid og som har ytt «det lille ekstra».
Prisen skal delast ut på Reinhaldarens dag 3. desember 2018.

Fagforbundet har nominert Solfrid Frette ved Drift og Vedlikehald i Etne kommune som ein av 28 innsendte forslag i Hordaland til «Årets reinhaldar 2018».

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut