Heile MOT-gjengen

Årsmøte i MOT

Måndag blei det servert nytt frå MOT sentralt her på Tinghuset. Nye avtalar blei signert, og utviklinga av MOT Etne blei diskutert.

 

Jon og Kari signerer.jpg

Det er nå skrive nye avtalar med MOT. Dette vart fremja i samfunnsdelen i budsjettsaka i haust. Vi har konvertert to avtalar der vi har gått frå å vera lokalsamfunn med MOT til å bli kommunen som samfunnsbyggjar. Samt at skulane skal gå breiare ut til å bli skulen som samfunnsbyggjar. Tidlegare har MOT i stor grad vore forankra til ungdomsskulen, medan det no vil handle om heile skulen.

KOMMUNEN SOM SAMFUNNSBYGGJAR

«Kommunen som samfunnsbyggjar» forsterker og forankrar MOT på kommunenivå. Kommunen får tett oppfølging frå MOT-sentralt og kommuneleiinga blir utdanna gjennom MOT. MOT skal brukast som eit viktig systemverktøy, og MOT blir ein del av kommunens verdiplattform.

SKULEN SOM SAMFUNNSBYGGJAR

«Skulen som samfunnsbyggjar» forsterker skulen si rolle som samfunnsbyggjar. Gjennom utdanning, foredrag og coaching av rektor, skulepersonale, ungdommar og lokalsamfunnet sine foreldre, leiarar og trenarar blir det skapt ein felles verdiplattform og ei felles forståing av kor viktig det er å skape ein kultur der alle er inkludert.

 

På møtet var det følgjande til stades: 

Skånevik skule:

Kari Johanson (inspektør)

Hilde signerer.jpg

Elisabeth Thomassen (MOT-coach)

Sina Marie H. Eljervik (Ung MOTivator)

Robert Røgelstad (Ung MOTivator)

 

Enge skule:

Nora Lundal Hustveit (Ung MOTivator)

Gerd Sigrid Bjørgen (Ung MOTivator)

Lars Øvernes (MOT-coach)

Therese Brekke Lundal (MOT-coach)

Jon Nielsen (rektor)

 

Andre:

Siri Klokkerstuen (MOT-leiar)

Regina Vestrheim (Regionleiar MOT)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut