Julespel

Å, for eit julespel!

Dramagruppa i Etne kulturskule er klar med sin lokale versjon av juleteater-stykket som er blitt ein klassikar i USA:

Kinosalen på Skakke
onsdag 11. desember kl 18.

Billettar finn du her! 
Barn kr 50,- Vaksne kr 100,-

Dramagruppa i Etne kulturskule er klar med sin lokale versjon av juleteater-stykket som er blitt ein klassikar i USA:Hansen-ungane er dei verste ungane i heile verda! Dei ertar og plagar, bråkar og øydelegg, naskar og stel. Kort sagt: Dei er ein pest og ein plage for alle rundt seg! Men så skjer det noko. Dei rotar seg bort i kyrkja og det lokale julespelet. «Alle» i bygda kjenner julespelet. Det er same prosedyre kvart år. Men ikkje denne gongen - ikkje med Hansen-ungar i alle hovudrollane!

Stykket er ganske komisk og kjem garantert til å få deg til å le, men kanskje kjem det også ei tåre i augnekroken og noko å tenkja på i førjulstida. 
Rollene blir spela av dei 14 dramaelevane som går i kulturskulen i haust.
Handlinga er inspirert av boka med same tittel, skriven av Barbara Robinson, oversett til norsk av Ingvar Moe. Manus og regi ved av dramalæraren vår, Grete Maritsdatter. 
Illustrasjonen er lånt frå ein amerikansk teaterplakat.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut