Dagsenter 1

Dagaktivitetstilbod for eldre heimebuande i Etne kommune

Dagaktivitetstilbod er for deg som treng tilrettelagte aktivitetar for å klara å bu heime lengst mogleg.

Dagsenteret er ope 10 -14: måndag, tysdag og fredag i Etne og torsdag i Skånevik.

Måndag og fredag er det 8 personar som nyttar seg av tilbodet i Etne. Torsdag har me tilbod i Skånevik, men me saknar deg som treng tenesta i Skånevik. På grunn av lite etterspørsel i Skånevik vert tysdagen flytta til Etne. Me oppmodar menn og damer som treng denne tenesta i Skånvik og Etne, til å ta kontakt.

Du må søkje til kommunen for å få tenesta. «Link til søknadsskjema»  Kostnaden for tenesta er 140 kr per dag, som inkluderer; henting og heimkøyring med bil, aktivitetar og middag både i Skånevik og Etne.

Nokre av aktivtetane me kan tilby:

  • Fysisk trening
  • Gå tur
  • Baking
  • Allsong
  • Quiz
  • Litt snekring,

 

  • Fargelegging/ maling  
  • Aktiv bruk av sogebøker
  • Besøk på biblioteket
  • Ulike hobbyaktivitetar
  • Bingo
  • Spele ulike spel

 

 

Dersom dette er noko for deg eller nokon du kjenner så ta kontakt med: Astrid F. Harboe: 468 20 054 eller Doreen Halleland: 416 92 464.

Dagsenter 1.jpgDagsenter 2.jpg

 

Gode opplevingar i dag ; meistre, delta, felleskap, fysisk aktivitet
Tips ein ven  Skriv ut