Du er her: Heim Tenester A-Å

Dagtilbod - aktivitetstilbod

Oppdatert: 28.04.2017 10:51
Generelt
Omtale

Aktivitet og trivsel er sentrale og grunnleggande element i eit heilskapleg omsorgstilbod. For dei fleste inneber dette ein moglegheit for aktivitet på dagtid. Tilbod om ulike former for aktivitet er difor også ein del av det kommunale omsorgstenestetilbodet.

Etne kommune tilbyr eit dagtilbod som eit lavterskel tilbod til personar med utfordringar innan psykisk helse

Etne Frivilligsentral tilbyr eit dag/aktivitetstilbod som eit lav terskel tilbod for eldre heimebuande.

Innan 2020 er kommunen lovpålagt å ha eit dag/aktivitetstilbod for heimebuande personar med demens.

  • Dag- og aktivitetstilbod er ein viktig arena for trening, rehabilitering, trivsel, mestring, deltaking, kunst og kultur.
  • Tenesta sitt hovudmål er å bidra til at brukerane kan bu lengst mogleg i eigen heim. Det kan vidare vere til hjelp i eigenmestring, sosial støtte, aktivering og opplæring i daglege gjeremål.
  • Dag- og aktivitetstilbod kan bidra til å tryggje kvardagen for brukaren samt avlasta pårørande.

 

Målgruppe

Dag- og aktivitetstilbod ytes til personar som grunna sjukdom, alder eller funksjonsnedsetting har behov for tilrettelagt tilbod om aktivitet for formål som beskrive over.

Kriterium/vilkår

Det må vurderas om tilbodet bidreg til

  •  å  ivareta eigenomsorg, sosial støtte og aktivering
  • å førebyggje behov for omfattande tenestar i heimen eller institusjon
  • å førebyggje eller avhjelpe einsamhet og isolasjon
  • å førebyggje fysisk og psykisk sjukdom
  • å vedlikeholde og/eller forbedre fysiske, psykiske eller sosiale ferdigheter
  • avlastning for pårørande
  • å være eit ledd i eit rehabiliteringsopplegg
  • bidra til mestring av eige liv

     

Samarbeidspartnarar

Etne Frivilligsentral

Regelverk

Dagtilbod er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett til tenesta etter lov om sosiale tjenester i Nav. Sjå blant anna sosialtenestelova § 12.



Lover
Forvaltningsloven
Sosialtjenesteloven

Forskrifter
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Lav terskel tilbod krev ingen søknad.

 

Kommunale dag tilbod: Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dagopphald, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt.

 

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon andre som søkjer for deg.

Søknaden sendes til

Etne Kommune, v/helse,

Sjoarvegen 2,

5590Etne

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen (dersom tenesta blir gjeven etter sosialtenestelova) eller til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Reidun Holmefjord Børve (Leiar)
Telefon: 97148988
Mobil: 97148988
Telefaks:
Epost: reidun.holmefjord.borve@etne.kommune.no
Bjørg Klungland (Psykiatrisk sjukepleiar)
Telefon: 53758102
Mobil: 91776538
Telefaks:
Epost:
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-04-28 10:51