Is 005_cropped_797x504

Dei ni isvettreglane

– Sjølv om det har vore kaldt mange stader i ein periode, betyr ikkje det at all is er trygg å ferdast på, seier Roald Stigum Olsen, pressetalsmann i Tryg.

 

Is frigjer varme
– Når isen legg seg i eit vatn eller vassdrag er det særleg viktig å vera klar over at det andre stader i nærleiken faktisk kan bli tynnare islag der isen la seg først i området. Dette fordi tilfrysing frigjer varmeenergi som kan smelte allereie eksisterande is. Derfor er det viktig både å måle is-tjukkelsen fleire stader, og ikkje minst kjenne dei lokale forholda på staden, fortsetter Stigum Olsen.
 
Pressetalsmannen er bekymra over at folk ikkje kjenner godt nok til korleis dei skal oppføre seg på isen.
 
– I den seinare tid har det komme fleire meldingar om alvorlige ulykker på tynn is, og nokre med dødeleg utfall. Vi treng ikkje fleire drukningar. Derfor ønskjer vi at folk nå lærer seg dei ni viktige isvettreglane.
 
Hold hovudet kaldare enn isen
Når nokre ligg hjelpelause i det kalde vatnet, vil den umiddelbare reaksjonen til dei fleste av oss vera å styrte fram for å hjelpe. Det er faktisk noko av det siste du bør gjere, fordi då er sjansen stor for at du sjølv går gjennom isen.
 
– Du må først ha ein plan for korleis du skal nå fram til vedkommande, utan sjølv å risikere å falle gjennom isen, forklarer Roald Stigum Olsen.
Kva skal ein så gjere når ein ser at nokon kjemper for livet i det kalde isvatnet?
 
– Isvettregel nummer ni seier at du skal halde avstand og bruke det du har for hånden som ein forlenga arm når du skal hjelpe nokon opp av isen. Om det så er ei redningsline, ein livbøye, ski eller skistav eller jakken din, sier Stigum Olsen.
 
Isvettreglane
(forkorta versjon)
 
1. Ha respekt for isen
2. Ikkje gå ut på is utan å kunne symje
3. Hald deg på sikker is.
4. Ver spesielt merksam på haustis, snødekka is og våris
5. Bruk alle sansane når du går på isen
6. Gå fleire i følgje
7. Ta med deg skikkeleg og tilstrekkeleg sikringsutstyr
8. Hvis du går igjennom isen; ikkje få panikk
9. Hvis andre går gjennom isen; hald avstand
 
Isvettreglane er utarbeida av Tryg Forsikring og Norges Livredningsselskap
 
Isvettreglane som plakat:
 
Isvettreglane komplett, tekst:
 
1. Ha respekt for isen.
Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.
2.            Ikkje gå ut på is utan å kunne symje.
Helst bør du ha prøvd å vera i isvatn, delvis for å kjenne til korleis det er, men like mykje for å kjenne til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje symje, bør du ha på deg ein form for flyteplagg.
3.            Hald deg på sikker is.
Styr unna stader der du bør vite at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamnt tjukk med ujamn bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatte variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg. I forhold til is på regulerte vatn og korleis isforholda kan variere med varierande vannstand, effektkjøring osv. finn du informasjon om på www.nve.no.
4.            Ver spesielt merksam på haustis, snødekka is og våris.
Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vera skummel fordi du ikkje kan sjå eller merke kor den er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vera dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at den la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.
5.            Bruk alle sansane når du går på isen.
Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.
6.            Gå fleire i følgje.
De representerer ein redningsmolegheit for hverandre. Går de litt spreidd, vil de fordele vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.
7.            Ta med deg skikkelig og tilstrekkelig sikringsutstyr.
Dette må sjåast i høve til erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festet sekk med skiftetøy pakket i vanntett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.
8.            Hvis du går igjennom isen, ikkje få panikk.
Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halde hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke overlevingsmoglegheiten. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å komme opp i den retningen du kom fra før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.
9.             Hvis andre går gjennom isen; hald avstand.
Bruk såkalt forlenga arm. Helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kaste bort til den i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ein ski, skistav, eit belte, ei grein etc. Sørg for ein form for forankring så ikkje du blir dratt uti.
 
Kilde: Tryg Forsikring og Norges Livredningsselskap
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut