Gravelsæter, Anita_crop

Demenssjukepleiar

Demens er ein felles nemning for ei gruppe sjukdommar i hjernen som vanlegvis førekjem i høg alder, men som stadig fleire vert råka av. 

Gravelsæter, Anita_crop.jpg

Det kan medføra symptom som svikt i hukommelsen, sviktande handlingsevne, sviktande språkfunksjon og endring i personlegdom og åtferd.

Demenssjukepleiar i Etne Kommune er eit tilbod til deg og dine pårørande når det har oppstått eit problem med hukommelsen.

Ein kan ta direkte kontakt med demenssjukepleiar dersom ein sjølv er råka, eller om ein er uroa for nokon av sine næraste.

Demenssjukepleiar har kontortid mellom 08.00 – 15.00 kvar måndag, tysdag, torsdag og fredag, samt onsdagar i partalsveker.

Ein kan ta kontakt pr. telefon, via SMS eller e-post.
Telefon: 915 529 49 / 53 75 81 40
e-post: Anita.Gravelsaether@etne.kommune.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut