Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørga for:

  • profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • å la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innafor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
  • å legga til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren
     

Kven kan søkja?

  • Både private-, frivillege- og offentlege organisasjonar kan søkja om støtte til kulturarrangement for eldre i kommunen
  • Utøvande kunstnarar kan søkja om utviklingsmidlar til prosjekt for eldre
     

Vilkår for søknaden

  • Kunst- og kulturfagleg innhald
  • Kunstnaren må ha eige organisasjonsnummer
  • Marknadsføringa skal visa til at arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken
     

Søknadsfrist

Gjennom heile året, men seinast 2 månader før arrangementet du søkjer midlar til skal føregå.


Slik søkjer du

Søknadsskjema Den kulturelle Spaserstokken 
(Ta kontakt om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).
Søkjar får svar med eventuelt tilsegn etter maks 1 månad.


Rapport og utbetaling

Alle som har fått tilsegn om tilskot frå Den kulturelle spaserstokken, må senda inn ein enkel rapport etter arrangementet/prosjektet. Tilskotet blir utbetalt når rapporten er motteken.
Rapportskjema Den kulturelle Spaserstokken

Tips ein ven  Skriv ut