3

Den nødvendige samtalen

Den nødvendige samtalen er ein planlagt og godt førebudd samtale mellom profesjonelle og foreldre. Den tek utgangspunkt i ei bekymring for eit barn/ungdom basert på konkrete og systematiske observasjonar. Målet med samtalen er å etablera eit samarbeid med foreldra rundt tiltak som kan betra situasjonen for barnet/ungdommen. Det er viktig å ta opp uroa/ bekymringa med den det gjeld på ein respektfull måte. Nokre gonger vil barnet/ ungdommen nekta for og avvisa problemet. Då kan det vera lett å oversjå evt. problem.

Det er viktig å vera respektfull, tillitsskapande, tålmodig og utholdande i slike tilfelle. Ein bør på førehand tenkja nøye gjennom kva som bør seiast, og korleis det skal seiast, og diskutera og førebu følgjande:

  • Kven skal delta? Det kan vera ein fordel å vera to personer til stades under samtalen med den/dei det gjeld.
  • Lag på førehand ei liste over punkt som det er viktig for dykk å formidla under samtalen.
  • Avtal kven som skal seia kva. Avtal kven som skal skriva referat, og kven som skal passa på at de kjem gjennom dei planlagde punkta.
  • Husk at det er ein uro de skal formidla; ikkje ei skulding. De skal informera om kva de har sett som har gjort dykk bekymra. Vis respekt. Ikkje vær dømmande.
  • Møt foreldra med ein holdning om at de i utgangspunktet vil det beste for barnet.

    Ha fokus på kva barnet treng og korleis dei vaksne kan hjelpa barnet på den beste måten.

 

Under samtalen:

  • Pass på at den/dei de møter også får koma fram med sitt og sitt perspektiv på saka. Spør om dei kjenner igjen observasjonane de har gjort. Gje rom for tenkepausar.
  • Dersom den/dei de møter blir sinte og vil gå i forsvar, må de ikkje svara med same mynt, men gje dei tid. Vis forståing for at samtalen kan vera ei vond oppleving, men hald fast på at den er nødvendig. Når det passar, må de komma tilbake til temaet og punkta de har førebudd.
  • Bli samde om kva de har avtalt før de går frå kvarandre.
  • Skriv eit kort avtalereferat frå møtet.

Etter samtalen kan vegen vidare vera ulik. Det er avhengig av kva de kom fram til i fellesskap og kor alvorleg et eventuelt problem er. Det er vanskeleg og gje generelle råd for denne prosessen. Du må saman med leiaren din vurdera uroa og dei ulike handlingsalternativa.

Det kan vera lurt å gje den det gjeld noko tid til å tenkja gjennom saka. Dersom det etter ein slik samtale ikkje skjer noko, vil truleg behovet for ein ny samtale melda seg.

 

Slike samtalar kan opplevast vanskelege for dei det gjeld, og i nokon tilfelle vil ein møta foreldre som kjenner seg pressa eller trua og som truar med vald. Dersom dette skjer, skal det straks meldast ifrå til einingsleiar, som skal vurdera om episoden skal meldast til politiet. Den som har blitt trua, kan sjølvsagt og melda hendinga på sjølvstendig grunnlag. Det er viktig å notera kva som har skjedd, og kva som har blitt sagt.

Den nødvendige samtalen strekkjer seg ofte over fleire møte. Foreldra skal ha høve til å ta inn over seg det som er blitt sagt. Endringsarbeid er prosessar over tid. Avtal difor ny samtale med foreldra, for å sikra at tiltaka de har sett i gong får dei ynskjelege effektane.

Dersom foreldre ynskjer hjelp ut over det som eininga di kan tilby, må de formidla vidare  kor dei  kan få hjelp av andre instansar.  

 

Refleksjonar etter samtalen:

  • Forsto foreldra bekymringa de har for barnet?
  • Blei det etablert eit godt samarbeid med foreldra og realistiske mål for å hjelpa barnet?
  • Vil oppfølgingsplanen sikra god nok endring og progresjon?
  • Korleis ser bekymringa ut no? Er han mindre eller større? Kvifor?
  • Korleis skal resten av personalet bli informert, og om kva?
  • Korleis har kvar og ein av dykk det etter samtalen? Gje  kvarandre tilbakemelding på kva som gjekk bra og kva som vart opplevd som vanskeleg.

  

Dersom de har behov for fordjuping i "Den nødvendige samtalen" trykk her.

 

Trykk her for å koma tilbake til hovudsida.

 

 

"Me bryr oss"

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut