Ordførarar 004

Det gode liv rundt Folgefonna

Nasjonalparkstyret i Folgefonna Nasjonalpark var samla i Etne i forrige veke.

Etter ei desentralisering av styresettet vart nasjonalparkstyret konstituert  11. februar 2011 og har ansvar for forvaltninga av Folgefonna nasjonalpark og landskapsvernområda Bondhusdalen, Buer, Hattebergsdalen og Ænesdalen.

Styret skal vere samansett av politiske representantar frå aktuelle kommunar og frå fylkeskommunen.Styret har no det formelle forvaltingsmynde for nasjonalparken og dei fire landskapsvernområda. Styret består av følgjande representantar: 

Ordførar Synnøve Solbakken, Kvinnherad kommune, leiar
Ordførar Gard Folkvord, Odda kommune, nestleiar
Ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune
Ordførar Sigve Sørheim, Etne kommune
Ordførar Solfrid Borge, Ullensvang herad
Anne-Beth Njærheim, Hordaland fylkeskommune

I Etne møtte også Nasjonalparkforvaltar Magnhild Berge som har mastergrad i biologi.
- Eg er veldig stolt over og glad for at eg er forvaltar for den finaste nasjonalparken i Noreg. Me har eineståande områder som er verdt å ta vare på, og eg håpar at framtidige generasjonar også skal få glede av den fantastisk flotte naturen me har her på folgefonnhalvøya, seier ho til turistbladet "Folgefonna".

Her kan du laste ned årsrapporten frå statens naturoppsyn.

Les meir om forvaltningsmodellen hos Fylkesmannen i Hordaland.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut