
Det trengst fleire menn i helsesektoren!
Er du arbeidsledig mann, registrert hos NAV, og mellom 25 og 55 år? Då kan du bli vurdert til å bli med i prosjektet Menn i helse!
Noreg har eit stort behov for utdanna helsepersonell, og jobbmoglegheitene er veldige gode. Så langt har over 400 menn tatt fagbrev via Menn i helse. 92% som har tatt fagbrev har fått ein relevant jobb innan helsesektoren.
Menn i helse er eit samarbeid mellom anna Etne kommune, NAV, fylkeskommunen, KS og Helsedirektoratet. Menn i helse blir sett på av regjeringa som eit av dei mest vellykka satsingane på rekruttering av menn i helsesektoren.
Nysgjerrig? Ta ein kikk på nettsidene for å lesa meir om prosjektet, om helserekruttane våre, resultata våre, ofte stilte spørsmål, opplysningar om infomøtet ditt, filmane våre, ta testen! Er du mann nok?
Kontakt oss - lokal koordinator Øystein Johannessen 908 34 919
Om kurset "Menn i helse" og påmelding