illustrasjon2

Detaljregulering for Austrheim II

Planvedtak

Kommunestyret har i sak 038/18 i møte 31.10.2018 endeleg godkjend detaljregulering for Austrheim II, plan id 201407 etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på 230 da, er regulert til råstoffutvinning, vegareal og landbruksareal.

Her er lenker til:

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteket i Etne. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 8000.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan påklagast i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 03.12.2018.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut