GEMINI Terrain 13

Detaljregulering for camping Rullestad

Planvedtak

Kommunestyret har i sak 011/19 i møte 23.04.2019 endeleg godkjend detaljregulering for Camping Rullestad, plan id 201801 etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på om lag 44 da, og er regulert til campingplass, naturvern, badeområde og næringsareal relatert til campingdrift.

Her er lenker til:

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 8000.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan påklagast i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 20.5.2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut