illustrasjon

Detaljregulering for del av Holmen

Offentleg ettersyn

Komité Forvaltning, har i sak 026/16 i møte 17.03.2016 vedtatt at del av detaljregulering for Holmen skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og Bygningslova.

 

Bakgrunnen er at komité forvaltning i sak 016/16 den 04.02.2016 handsama to klager på den vedtekne planen detaljregulering for Holmen, planID 201402. Konklusjonen blei at klagane blir teke til følgje.

 

Ei endring medfører at privat felles veg V4, som var meint å tene som tilkomst frå kommunevegen blir avkorta slik at det får potensielt negative konsekvensar for ein av eigedomane.

 

Den andre endringa medfører at 10/20 får behalde avkjørsla si mot E134 noko som gjer at vegen V4 ikkje treng å gå heilt fram til 10/20.

Det planlagde fortauet forbi 10/20 blir innsnevra frå 2,5 meter til 2 meter.

 

Eit par av desse endringane er for omfattande til at dei kan kallast mindre endringar jamfør plan og bygningslova § 12-14. Difor blir det no ny utlegging til offentleg høyring. jamfør §12-12.

Her er lenker til:

Framlegg til detaljregulering er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 36.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan 30.05.2016

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut