illustrasjon Skånevik Flesjo

Detaljregulering for Fv48 Skånevik Flesjo

Offentleg ettersyn

Komité Forvaltning har i sak 053/19 i møte 06.06.2019 vedtatt at detaljregulering for Fv48 Skånevik - Flesjo, planid 201604. skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og Bygningslova.

 

Planområdet er på 206 da, og vert foreslått regulert til vegareal, anna vegareal, gangveg, LNF samt bygg og anleggsområde..

Det er planlagt eit folkemøte angåande planen på Skånevik fjordhotell, 19.09.19, kl 18:00. Ein kjem til å starte med ein fellesdel, før det blir anledning for dei som ønskjer det, å snakke med konsulentane i einerom angåande konsekvensane for den einskilte eigedom.

Her er lenker til:

Dette er dei filene som vi meiner er relevante for denne høyringa. Det som ikkje er lenka til er diverse tekniske teikningar. Du kan finne alle dokumenta samla her:

http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_etne/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019004399&

Framlegg til detaljregulering er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast Eva Sundal ved Statens vegvesen på tlf: 53 65 01 68. Obs! Eva Sundal har ferie frå 8 juli til 15 august.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan 03.10.2019

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut