Illustrasjon2

Detaljregulering for Holmen (Utviding av Etne omsorgssenter)

Offentleg ettersyn, ny utlegging

Komité Forvaltning, har i sak 047/15 i møte 04.06.2015 vedtatt at detaljregulering for Holmen (utviding av Etne omsorgssenter) skal leggast ut til nytt offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og Bygningslova..

 

Dette er ein høyring etter ny 1 gongs handsaming. Merknadane etter den første utlegginga er med vidare og vil bli handsama når planen går til 2. gongs handsaming. Det vi ønskjer merknader på i denne høyringa er endringa som er gjort i planforslaget slik som det er forklart i møteboka (sjå lenke nedanfor). Endringa gjeld tilkomst til det nye omsorgssenteret. Tilkomsten blir via kommunevegen fordi vegvesenet hadde motsegn til eit eige kryss frå E134 med tilkomst til nybygget. Ein skal difor ikkje sende inn ein merknad på noko som ein allereie har sendt inn merknad på, ikkje med mindre ein har nye moment som det er viktig å få med.

 

Planområdet er på ca. 82,3 dekar, og vert no foreslått regulert til bustadområde, institusjon, tenesteyting, vegareal og landbruk natur og friluftsområde.

Her er lenker til:

Framlegg til detaljregulering er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 36.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan 27.07.2015

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut