Kart Krokavatnet

Detaljregulering for Krokavatnet hyttefelt

Kunngjering av planvedtak.

Etne kommunestyre har i sak 064/15 i møte 29.09.2015 endeleg godkjent detaljregulering for Krokavatnet hyttefelt i Etnefjella etter § 12-12 i plan- og bygningslova.

Planområdet er 62 daa stort og regulert til 26 fritidsbustadar, vegar og tekniske anlegg, friluftsområde  mm. Reguleringsplanen er å finne på Etne tinghus, biblioteket i Etne og kommunen si heimeside: www.etne.kommune.no . Spørsmål kan rettast til kommunen.

Vedtaket kan påklagast i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI. Ev. klager skal leverast skriftleg til Etne kommune, postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no  . Klage må sendast innan 05.11.2015.

Ev. krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Krav må sendast skriftleg til Etne kommune.

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut