Detaljregulering for Lundmark

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 6/13 i møte 26.2.2013 endeleg godkjend detaljregulering for Lundmark gnr. 136, bnr. 66 mfl. etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på om lag 20. da, og er regulert til bustadfelt mm.
 
Her er lenker til:
Plankart dagsett 24.1.2013.
Føresegnene til planen revisjon dagsett, 24.1.2013.
- Vedtak (Møtebok) dagsett 26.2.2013.

Detaljreguleringa er òg å finna på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i medhald av §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 2.4.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut