Detaljregulering for Trønskenes hyttefelt

illustrasjon

Kunngjering av planvedtak

2017-07-13

Etne kommunestyre har i sak 038/17 i møte 21.06.2017 endeleg  godkjent detaljregulering for Trønskenes hyttefelt i Skånevik  etter § 12-12 i plan- og bygningslova.

 

Planområdet er 167 daa stort og regulert til 34 nye fritidsbustadar og 4 bustadar, småbåthamn, naust, friluftsområde, veganlegg, parkeringsplassar, tekniske anlegg, kulturminne,  mm.

 

Her er lenker til:

Merknadshandsaming

Merknadshandsaming, avgrensa høyring

 

Planen er også å finne på Etne tinghus og biblioteket i Skånevik.

Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 8000.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI. Ev. klager skal leverast skriftleg til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til:  post@etne.kommune.no  . Klagefristen er 04.08.2017.

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Krav må sendast skriftleg til Etne kommune.

 

Tip a friendTips ein ven