illustrasjon

Detaljregulering for Trønskenes, ny utlegging

Offentleg ettersyn

Komité Forvaltning har i sak 031/16 i møte 21.04.2016 vedtatt at reguleringsplan for Trønskenes skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på ca 168 daa, og vert foreslått regulert til 4 nye bustadtomter, 36 nye tomter for fritidsbustader, naust, næringsbygg, småbåtanlegg, veg, parkeringsplassar, badeområde m.m. Dette er ei ny utlegging der dei største endringane sidan sist er endra vegstruktur, færre hytter og bustader samt ei omsynssone rundt ein stainalderbustad.

Her er lenker til:

Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 21.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no

Merknader må sendast inn innan 21.07.2016.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut