Detaljreguleringsplan for Fjæra setjefiskanlegg, gnr. 101 bnr. 3 og 51m.fl

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 027/11 i møte 10.5.2011 endeleg godkjend reguleringsplan for Fjæra setjefiskanlegg etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova, med stadfesting frå Miljøverndepartementet den 8.10.2012:

Planområdet er på ca. 94 daa, hovudføremålet er regulert til akvakultur, ca. 30 daa.

Her er lenker til:
Plankart dagsett 7.2.2011.
Føresegnene til planen revisjon dagsett 3.2.2011.
Vedtak (Møtebok) dagsett 10.05.2011
Stadfesting av vedtak frå Miljøverndepartementet dagsett 8.10.2012.

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 36/ 53 75 82 30.

Klage på kommunestyret sitt endelege vedtak, i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast inn innan 15.11.2012.
Det er ikkje høve til å klaga over dei tema som er omfatta av Miljøverndepartementet si klagehandsaming vedrørande motsegn, jamfør § 12-13 i plan- og bygningslova. Sjå link frå MD dagsett 8.10.2012.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut