Dikt i samling

I boka «Dikt i samling» har Per Olav Kaldestad redigert dikt frå Ingvar Moes fire diktsamlingar og valt ut nokre av songane.

Ingvar Moe, Dikt i samling.jpgMange hadde sans for Ingvar Moes modige sjølvutlevering – ikkje minst av det kjærleiksfylte hatet til heimbygda – og diktaren opplevde å bli omfamna både av folket og av akademia: Debutboka «Løktastolpefrø» (1975) kom i fleire opplag og blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Men så vel debutboka som dei andre diktbøkene, «Fløttjevels bok» (1977), «Himabrent» (1979) og «Berre litt, altså» (1989) syner også fram dei positive kreftene i bygdesamfunnet. Og alle tekstane er prega av Ingvar Moes særeigne evne til å fanga inn replikkar, ordtak, ironi, patosen og den andektige talen.

 

Boka kan kjøpast på Etne Bibliotek, avd. Etne og Skånevik
eller tingast via epost til:

etne.bibliotek@etne.kommune.no

kultur@etne.kommune.no

Pris kr 200,-  (evt. porto kjem i tillegg).

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut