Finne / opprette arkivsak
|
|
Politisk sak skal skrivast i WebSak. For å kunne opprette eit saksdokument (S) må du: Finne arkivsaka i WebSak - dersom det alt finst ei arkivsak som høyrer til den politiske saka du skal skrive. Eller: Opprette arkivsak i WebSak – dersom det ikkje finst ei arkivsak som høyrer til den politiske saka du skal skrive.
|
Sakshandsamar/arkivet
|
Framdriftsplan for sakspapir
|
|
Avklar ein framdriftsplan for saka. Skal den opp i fleire utval? Sjå vedtatt politisk møteplan og vurder kva for ein «møteserie» saka skal vera ferdig til. Frist for å senda sak til godkjenning til rådmann / kommunedirektør er 1 veke før utsending av innkalling. Jf. vedtatt politisk møteplan.
|
Sakshandsamar og nærmaste leiar / kommunalsjef / kommunedirektør
|
Opprett saksframlegg
|
|
Opprett nytt dokument i WebSak – sakstype S.
|
Sakshandsamar
|
Skriv saka og knytt til vedlegg
|
|
Skrive politisk sak: Sjå eigen rettleiar.
|
Sakshandsamar
|
Knytt til vedlegg:
|
|
- Bruk av vedlegg bør avgrensast. All vesentleg informasjon bør bli gjort greie for i sjølve saksutgreiinga.
|
|
- I enkelte saker er vedlegg nødvendig og riktig
|
|
- Styringsdokument, årsmeldingar, budsjett, planar, strategiar etc. som skal vedtakast, må leggjast ved i sin heilheit.
|
|
Bruk av lenke:
|
|
Med lenke meiner ein ei kopling (peikar) som viser til eit internettdokument.
|
|
Bruk av lenker bør avgrensast
|
|
All vesentleg informasjon bør bli gjort greie for i sjølve saksframlegget.
|
|
NB: Hugs at eit sakspapir skal kunna lesast også i framtida. Det vil seie at eventuell lenka må kunne fungere om til dømes 10 år.
|
|
Av omsyn til lesaren bør eit saksframlegg vera fullstendig, i den forstand at det ikkje må vera ein føresetnad at lesaren må slå opp i vedlegg eller kopla seg til lenker for å kunna vurdera saka.
|
|
Hugs å gradera (sette på tilgangskode i WebSak) eller «sladda» vedlegg som er unnateke offentlegheita.
|
|
Melde opp politisk sak til møte
|
|
Melde opp saka til dei politiske utvala saka skal behandlast i. (Alle! Og hugs Eldreråd, Råd for menneske og Ungdomsråd osv.)
|
Sakshandsamar
|
Hugs fullført saksbehandling.
|
|
Ansvarsområda til dei enkelte politiske utvala er avklart i reglementsamling / delegasjonsreglement.
|
|
Godkjenning av sak
|
|
Når saksframlegget er ferdig og dei vedlegga som skal vera med er knytt til og alt er kvalitetssikra, skal saka sendast til godkjenning.
|
Sakshandsamar / kommunalsjef / rådmann / kommunedirektør/ leiar
|
Frist for å senda sak til godkjenning til rådmann/kommunedirektør er 1 veke før utsending av innkalling. Jf. godkjent politisk møteplan.
|
|
Når saka vert godkjent endrar journalstatus på dokumentet seg til F (ferdig). Det vil seie at dokumentet vert låst.
|
|
(Når saka har journalstatus F kan politisk sekretariat inkludere saka i innkallinga til møte i det/dei aktuelle utval.)
|
|
Påføring av vedtak
|
|
Når saka er ferdig behandla politisk, vert det påført vedtak i saka.
|
Politisk sekretariat
|
Riktig vedtakskode vert lagt på saka. (t.d. «vedtak påført – klar for oppfølging»)
|
Politisk sekretariat
|
Sakshandsamar får melding om vedtakskode via oppgåve i WebSak.
|
|
Sak som er ferdig handsama i politisk utval og er påført vedtak
|
|
Melding om vedtakskode på sak ligg i oppgåver i WebSak.
|
Sakshandsamar
|
- Det skal jobbast vidare med saka i tråd med kva vedtak som er gjort.
|
|
- Det skal sendast ut vedtaksbrev til partane i saka via SvarUt.
|
|
- Det skal sendast ut melding til dei i administrasjonen som treng melding om vedtaket.
|
|
Utsette saker
|
|
Når ei politisk sak blir utsett går ho tilbake til administrasjonen.
|
Sakshandsamar
|
Ein må då koordinere prosessen vidare. Dette inneber blant anna:
|
|
- avklare når saka skal opp igjen
|
|
- skrive ny sak
|
|
- melde opp saka på nytt til riktige utval i samråd med leiar.
|
|
- Dersom saka i utgangspunktet var meldt opp til behandling i fleire utval etter det utvalet saka vart utsett i må du hugse å «melde av» saka frå desse utvala.
|
|
Utsett sak blir lagd som vedlegg til nytt saksframlegg. Overskrifta på det nye saksframlegget skal visa til den utsette utvalssaken, f.eks. slik: «Utsett FU-sak 91/10 Fylkeskommunale bustadar – regulering av husleiger».
|
|
Saker som er unnateke offentlegheita
|
|
Saker og vedlegg med sensitive opplysningar skal ikkje offentleggjerast.
|
Sakshandsamar
|
Desse skal graderast med kodar i WebSak som hindrar dette.
|
|
Sakene blir berre distribuert til medlemmene i utvalet via møteportalen.
|
|
Oppfølging / kontroll for leiarane
|
|
Det skal sikrast at politiske vedtak vert sett i verk og vert følgt opp.
|
Kommunalsjef / rådmann / kommunedirektør / einingsleiar
|