E134

E134 Bakka - Solheim mellom Bakka i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune.

Statens vegvesen er no ferdig med forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing for ny E134 mellom Bakka i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune. Målet med planen er å avklare kor E134 skal gå i framtida, mellom Stordalstunnelen (under bygging) og Skjoldavik–Solheim (under bygging). Konsekvensutgreiinga skal peike på konsekvensar for miljø og samfunn.

I samband med høyring av planforslaget blir det arrangert opne møte og kontordagar i dei to kommunane:

  • Ope møte Vindafjord: måndag 13. april kl. 18:00 i Ølen kulturhus
  • Ope møte i Etne: tysdag 14. april kl. 18:00 i Litlesalen i Etne kulturhus
  • Kontordag Vindafjord: onsdag 15. april kl. 14:00–19:00 i formannskapssalen
  • Kontordag Etne: torsdag 16. april kl. 14:00–19:00 i formannskapssalen

Les meir her på vegvesenets heimesider.

Her finner du dokumenta på vegvesenets heimesider.

Dokumenta er på høyring i tidsrommet frå 25. mars 2015 til 12. mai 2015. Etter at uttalane til høyring er handsama vert planen/val av trase vedteken av kommunane.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut