img_6553

E134 Bakka–Solheim: Oppstart av kommunedelplan og høyring

Kommunedelplan for E134 mellom Bakka i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune. Varsel om oppstart av planarbeid, samt høyring av planprogram.

Statens vegvesen varslar om at det vert sett i gang arbeid med kommunedelplan og konsekvensutgreiing for ny E134 mellom Bakka i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune. Samstundes blir forslag til planprogram sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med kommunedelplanen er å fastsetje trase for ny, framtidig E134, plassere kryss og å velje standard på vegen.

Konsekvensutgreiinga skal gjere greie for kva for følgjer utbygginga har for miljø, naturressursar og samfunn.

Planprogrammet gjer greie for målet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad og kva for alternative trasear for ny E134 som føreslås utgreia.

Bakgrunnen for dei alternative traseane går fram av rapporten «E134 Bakka – Solheim.
Silingsrapport» frå november 2013.

Planprogrammet er på høyring i tidsrommet frå 10. desember 2013 til 5. februar 2014. Etter at uttalane til høyringa er handsama vert planprogrammet fastsett av kommunane. Når planprogrammet er fastsett vil Statens vegvesen utarbeide forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing, som er venta å liggje føre i fyste halvdel av 2015. Dokumenta vil da bli send på høyring før kommunane vedtek kvar sin del.

I samband med varsel om oppstart av planarbeid og med høyring av planprogram vil det bli arrangert opne møte i dei to kommunane:
• Etne kommune: Tysdag 14. januar kl 18:00 i Litlesalen i Etne kulturhus
• Vindafjord kommune: Måndag 20. januar kl 18:00 på Ølen kulturhus

Varslingsbrev.pdf

E134 Bakka-Solheim - varslingsomrade.pdf

E134 Bakka-Solheim - planprogram.pdf

E134 Bakka-Solheim - silingsrapport.pdf

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut