Eiendomsskatt

Eigedomsskatt 2019

Informasjon om eigedomsskatt for 2019 vil bli sendt ut elektronisk før 1. mars i år. Dei som ikkje mottar informasjon elektronisk vil få den per post.

Skattesats bustad- og fritidseigedommar: 4.20 promille
Botnfrådrag per bueining: 100 000 kroner 
Skattesats næringseigedommar, energianlegg/verk og bruk: 7 promille

For bustad- og fritidseigedommar betaler ein 4,20 promille av skattetaksten i eigedomsskatt, etter at botnfrådraget er trekt frå. Ei bueining er lik eit botnfrådrag. Sjå retningslinjer for botnfrådrag her.
Næringseigedommar, energianlegg/verk og bruk betaler 7 promille av skattetaksten i eigedomskatt.

 

Faktura for eigedomsskatt

Gebyr for eigedomsskatt vert sendt ut på same faktura som dei kommunale avgiftene. Faktura vert sendt ut kvart kvartal.

 

Offentleg ettersyn

Skatteliste for offentleg ettersyn for allereie takserte eigedommar vert lagt ut på kommunen sine heimesider og i Tenestetorget på Tinghuset i tre veker frå 28.01.2019.
Skattelistene vert supplert med nye eigedommar når desse er ferdig taksert.

 

Klage

Klage på eigedomsskattetaksten kan setjast fram kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, såframt det ikkje tidlegare er klaga på same grunnlag, jf. esktl. § 19 (1).
Fristen for å klage på eigedomsskatten er seks veker, frå og med utsendt skattesetel.
Klagen vil først bli vurdert av eigedomsskattenemnda.
Dersom eigedomsskattenemnda opprettheld takstvedtaket, vil klagen bli sendt vidare til klagenemnda for eigedomsskatt.
Vi gjer merksam på at du må betale eigedomsskatten sjølv om du klager, jf. eigedomsskattelova § 25 tredje ledd.
Skatteytar må nytte retten til å klage for å kunne reise søksmål, jfr. forvaltningsloven § 27b

 

Korleis klage på eigedomskatt?
For å klage må du først finne ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten, formuegrunnlag, eller lokal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen sender ut før 1. mars i år. Dei fleste privatbustader har bustadverdi frå Skatteetaten medan næringseigedommar og fritidseigedommar har lokal takst.

 

Lokal Takst
Send klage til Etne kommune, Eigedomsskattekontoret, Sjoarvegen 2, 5590 Etne eller på e-post til eigedomsskatt@etne.kommune.no. Merk klagen med gards- og bruksnummer, og ev. feste- eller seksjonsnummer.

 

Formuegrunnlag
For eigedomar som har takst basert på formuegrunnlag, må ein rette klagen til skatteetaten.
Dersom de meiner formuegrunnlaget ikkje samsvarer med den reelle verdien for eigedommen, kan dette tyde på at Skatteetaten har feil eller manglande opplysningar om eigedommen.
Dersom opplysningane til Skatteetaten skulle vere feil, vil taksten justerast. I så fall vil kommunen få automatisk beskjed om dette frå Skatteetaten, slik at taksten vert korrigert også i våre system. Eventuelt overskytande beløp som er innbetalt vil i så tilfelle sjølvsagt tilbakebetalast. For meir informasjon om formuegrunnlag, sjå Skatteetaten sine heimesider: http://www.skatteetaten.no/bolig

Kontakt Skatteetaten, anten via telefon 800 80 000, via post til Skatt Vest, Postboks 8103, 4068 Stavanger eller elektronisk via denne nettsida: http://www.skatteetaten.no/no/Om-skatteetaten/Om-oss/Service-og-klager/klage/klage-pa-eiendomsskatt/

 

Spørsmål?

Ved spørsmål om eigedomsskatt, ta kontakt med Etne kommune på tlf. 53 75 80 00,
e-post eigedomsskatt@etne.kommune.no, eller post Etne kommune, Sjoarvegen 2, Etne.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut