Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt

Oppdatert: 23.01.2018 14:01
Generelt
Omtale

Å krevje overtakst vil seie at du klagar over skattetaksten. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagte eigedomsskatt

Regelverk

Eigedomsskattelova § 3 og § 8A-3



Lover
Eigedomsskattelova
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kravet om overtakst skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter at skattelista er lagd ut.

Sakshandsaming

Klage over skattetakst vert handsama av sakkundig nemnd for eigedomsskatt. Klage som ikkje vert tatt til følgje av sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, vil verte handsama på nytt i klagenemnda for eigedomsskatt.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Økonomi
Leder:Bang, Vegard
Kontaktpersonar
Beate Krokedal (Rådgjevar)
Telefon: 53 75 80 41
Mobil:
Telefaks:
Epost: beate.krokedal@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-01-23 14:01