Eigedomsskatt - nedsetjing og ettergjeving

Oppdatert: 23.01.2018 14:07
Generelt
Omtale

Du kan søkje om å få sett ned eller ettergjeve eigedomsskatten dersom det har kome til forhold som gjer det svært urimeleg å krevje inn skatten. Døme på slike forhold er sjukdom, brann eller naturkatastrofar. 

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagt eigedomsskatt

Regelverk

Sjå spesielt eigedomsskattelova § 3 og § 28. Sjå òg eigne kommunale vedtekter om eigedomsskatt.



Lover
Eigedomsskattelova
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Nedsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren. Kommunen kan òg setje ned skatten på eige initiativ.

Sakshandsaming

Formannskapet gjer vedtak om å setje ned eller ettergje skatten.

Klagemulighet

Det er ingen lovfesta rett til å klage. Du kan likevel søkje på nytt om du meiner at saka ikkje er utgreidd nok eller at situasjonen har endra seg.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Økonomi
Leder:Bang, Vegard
Kontaktpersonar
Beate Krokedal (Rådgjevar)
Telefon: 53 75 80 41
Mobil:
Telefaks:
Epost: beate.krokedal@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-01-23 14:07