
Eit nytt koronatilfelle i Etne
Etne kommune har i dag fått melding om ein positiv koronaprøve. Personen er tilreisande frå utlandet og nærkontakt til tilfella som var meldt tidlegare i veka. Smittesporing er ferdig og personen har vore i karantene sidan ankomst til Noreg.
Oppdaterte Covid-19 informasjon frå Etne kommune laurdag, 30.01.21 kl. 18.00
- Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 59 personar.
- Totalt siste døgn: 1
- Innlagt på sjukehus: 0
- Personar i karantene som nærkontaktar: 1
- Prøvar utan svar: 0
Husk:
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang.
Etne kommune
ved Smittevernlege Elisabeth Winterthun