Ekstremvarsel2

Ekstremvarsel - høg vass-stand

Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vass-stand (raudt nivå) 10. og 11. februar.

Den høge vass-standen er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten og lågt trykk. Vass-standen vil vere høgst natt til tysdag mellom 23.00 og 03.00, og Met  forventar at vass-standen vert høgare enn under ekstremveret Didrik i januar.

Kommunen ber innbyggjarane vera forsiktige og sjekke brygger, båtar og naust. Vurder å ta båten opp på land og sikre lause gjenstandar i naust og i strandsona.

https://www.varsom.no/flom-og-jordskredvarsling/cap-varsel/13609

 

Tips ein ven  Skriv ut