Faktura

Endring i mottakar av faktura

Ved neste utsending av kommunale avgifter vil det bli endring i mottakar av faktura for nokre abonnentar.

Etne kommune har fått eitt nytt system som grunnlag for dei kommunale avgiftene. Systemet bygger på informasjon direkte frå folkeregistreret og  Matrikkelen (Landets offisielle register over fast eigedom). Dette betyr at systemet koplar eigedomseigarane direkte mot dei kommunale avgiftene.

Kva inneberer endringane?

På bakgrunn av systemendringa vil det for nokre abonnenatar bli endra kven som får faktura og kva namn den er registrert på:

  • Faktura vil bli sendt til grunneigar eller festar, og ikkje ein eventuell leigetakar eller c/o-adresse.
  • Faktura vil bli merka med eitt namn. Det er namnet på eigaren som står oppført først i Matrikkelen.

Me vil oppdatere dette fortlaupande frå og med 2. termin 2014. Det betyr at for nokre abonneneter vil det bli endringar allereie på faktura for 2. termin, medan for andre vil dette skje seinare.

Kvifor gjere me desse endringane?

Med det nye systemet blir registeret over abonnementar av kommunale avgifter fortløpande heldt oppdatert då løysninga har tett kopling mot Matrikkelen, som oppdaterast med opplysningar frå grunnbok, folkeregister og enhetsregister. Dette vil gje eit meir effektivt ajourhald og betre datakvalitet då me baserar oss på offentlege register.

Endringa er også i tråd med definisjonen på ein abonnent i gjeldande «Forskrift om kommunale vass og avløpsgebyr i Etne kommune» .

 

Har du spørsmål ta kontakt med Tenestetorget på telefon 53 75 80 00, send oss ein e-post til post@etne.kommune.no eller besøk oss på vår Facebook-side.

 

Mvh Etne kommune

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut