Septik24

Endringar i avgiftsbetalinga

Slamrenovasjonen vert lagt inn i dei kommunale avgiftene.

Kommunestyret har i K-sak 69/13 vedtatt at:

"Kommunale avgifter, inkludert slamrenovasjon, skal betalast med 4 terminar, i februar, mai, august og november".

Nytt av året er at slamrenovasjon, som før vart fakturert etter kvar tømming, nå vert fordelt på dei fire terminane me sender ut faktura.

Feieavgifta vert kun fakturert på første termin.

Fordelen med dette er at kostnadsbelastninga blir fordelt på fleire terminar, i staden for at heile beløpet blir fakturert etter gjennomført tømming.

Rutinane med sjølve tømminga vert ikkje forandra, tømming for hus skal fortsatt vere annankvart år, og for hytter 4. kvart år.
Det vil bli sendt ut tømmevarsel på førehand.

I tilfelle spørsmål kan de ta kontakt med Tenestetorget i Etne kommune telefon 53 75 80 00.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut