Coronavirus Covid-19 background - 3d rendering

Endringar i koronareglane

Oppdaterte Covid-19 informasjon frå Etne kommune måndag, 04.01.21 kl. 13.30

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 52 personar.
  • Totalt siste døgn: 0
  • Innlagt på sjukehus: 0 
  • Personar i karantene: 1
  • Prøvar utan svar: 0

Søndag 3. januar klokka 18 haldt statsministeren ein pressekonferanse kor ho la fram strengare nasjonale reglar og tilrådingar for å avgrense smittespreiing av Covid-19.
Følgjande reglar vil gjelde frå 4. januar til og med 19. januar.
 

Reglar for heila landet:

 

Private samlingar og arrangement

  • Maksimalt fem personar på private samlingar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale. Viss ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtas. (Nytt)
  • ​Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar mv., likevel 200 personar kor alle i publikum sit i fastmonterte seter. I gravferder kan det være opp mot 50 personar, sjølv om setene ikkje er fastmontert. (Nytt)
  • Dei fleste av disse arrangementa vil uansett ikkje være i tråd med nasjonale anbefalingar og bør derfor utsettast eller avlysast.

Uteliv og serveringsstader

  • Det vert innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement. (Nytt)

Kyrkjevandring

  • Dei særlege reglane for kyrkjevandringar opphevast straks, i staden for frå 15. januar. (Nytt)

 

I tillegg er det fleire strenge nasjonale tilrådingar som me også tilrår at innbyggjarane i Etne føl dei neste 14 dagane. Unngå å ha besøk i eigen heim (sjå unntak) og unngå unødige reiser. Alle typar arrangement, idrettsaktivitet og kulturaktivitet vert tilrådd utsett til etter 19. januar. Dei som kan ha heimekontor er tilrådd å ha dette.

Ungdomsskulane i Etne kommune vil drifte på raudt nivå frå måndag 4. januar.

Besøksrutinane ved Etne Sjukeheim blir forsterka frå 4. januar til og med 19. januar.

Symjehall, treningssenter og treningsrom kan halde ope med forsterka reinhald og tilrettelagt for minst 1 meter avstand mellom dei som trenar.

For å lese fleire detaljer om dei nye anbefalingane kan de følgje denne lenka:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-flere-nasjonale-smitteverntiltak/id2826466/

Br 6iJQBIpAESgCRaAIFIEiUASKQBEoAhdFoIb 8ReFuZkWgCBSBIlAEikARKAJFoAgUgSJQBM 5DoIb 8efg 1dREoAkWgCBSBIlAEikARKAJFoAgUgYsi 8L 92gPhLM 4GxLwAAAABJRU 5ErkJggg==

Innfører flere nasjonale smitteverntiltak - regjeringen.no

For å beholde kontrollen på smittespredningen og begrense ny økning i smitte, iverksettes det forsterkede nasjonale smitteverntiltak i foreløpig to uker fra 4. januar.

www.regjeringen.no

 

Julebukk:  Ei årelang tradisjon er å gå julebukk på "trettande dag jul", altså 6. januar. I år må me dessverre tilrå alle barn, unge og for så vidt og eldre om å ikkje å gå julebukk for å avgrensa moglegheita for Covid-19 smitte.

Me vil minna alle om å bestilla seg test for Covid-19 på teststasjonen i Ølen dersom dei har luftvegssymptom, har vore på reise i utlandet eller er oppført som nærkontaktar til andre med Covid-19 smitte (Informasjon om koronasituasjonen - Vindafjord kommune).

Me har stor forståing for at det er krevjande å starte det nye året med strenge restriksjonar. La oss ha fokus på det me kan gjera for kvarandre, ta ein telefon, gå ein tur ute saman, Facetime med besteforeldre.

Ei positiv melding på tampen: Denne veka startar  koronavaksineringa i Etne!

 

Husk:
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang.

 

Helsing frå Etne kommune

ved Smittevernlege Elisabeth Winterthun 

 

Tips ein ven  Skriv ut