lege illustrasjon

Endringar i legetenesta

Ny fastlege

Vikarlegen vår, Caroline Røssland, har takka ja til å overta fastlegeheimelen etter Bengt Kallevik. Dr. Røssland har jobba i Etne kommune som vikarlege og LIS (turnus) i ca 1 år, og me er glade for at Caroline ville fortsette som fastlege i Etne kommune. Ho vil jobbe både i Skånevik og Etne. Velkommen!

 

Reduksjon av pasientlista til fastlege Karsten S. Hatteland frå 1. september

Dr. Hatteland har hatt stor arbeidsmengde over tid, og har søkt om å få redusert pasientlista si frå 760 til 650 pasientar. Reduksjonen er innvilga, og det vil kome brev frå Helfo til dei som blir flytta frå pasientlista. Det er Helfo som gjer ein tilfeldig utveljing av pasientar som må flyttast frå lista, og kommunen/legen kan ikkje påverke utveljinga. Pasientane vil bli flytta over til Dr. Caroline Røssland eller Dr. Idun Øvernes.

 

Endringar hos Dr. Gunleiksrud og Dr.Røssland

Dr. Elisabeth Gunleiksrud skal frå 1. september jobbe 1 dag ved Skånevik legekontor og ca 3 dagar ved Etne legekontor. Dr. Caroline Røssland startar opp med kontordag i Skånevik frå 1. september.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut