Enge barnehage

Illustrasjon
Enge barnehage på tur.

Enge barnehage ligg på Enge med gangavstand til sentrum, Skakke senteret med bibliotek og idrettshall, fotballbanar, skulen, sjø og fleire fine turområde. Me nyttar nærmiljøet ofte, og er regelmessig både på biblioteket og i idrettshallen med barna. Alle avdelingane har ein turdag i veka, det er kort veg til ulike arbeidsplasser og andre ting som me besøkjer i samband med temaarbeid i barnehagen.

Enge barnehage er kommunal, og har 72 heile plassar for barn over 3 år og 24 heile plassar for barn under 3 år.

 

Barnehagen er delt inn i 6 avdelingar:

Knerten, 3-6 år
Marihøno, 3-6 år
Naturen, 3-6 år
Askeladden, 0-3 år
Tyttebæret, 0-3 år
Molta, 0-3 år.
 

Barnehagen er organisert avdelingsvis. Det vil seie at barn og foreldre har ei forholdsvis lita gruppe å forholde seg til. Når borna vert fordelt på avdelingane prøver me så langt det let seg gjera å tenkja på kjønn, alder og vennskap. Likevel ønskjer me at heile barnehagen skal vera ein barnehage. Aktivitetar som vil vera med å bidra til det er: 5-årsklubb, turar og andre aktivitetar på tvers av avdelingane.

 

Naturavdelinga startar og sluttar dagen i barnehagen, men dei har sin plass på Osnes der dei har ein heil skog til rådevelde. Dei  nyttar eigen buss og bil som fraktar barna til og frå Osnes.

 

Barnehagen har ope heile året og opningstida er frå kl. 07.00 til kl. 16.30.

Me tilbyr turnusordning, d.v.s. at barnehagedagane kan tilpassast behovet til familien.
Det er også mogeleg å kjøpa dagar.

Løve.png

Me i Enge barnehage arbeider med programmet «Være saman» det er utvikla med tanke på barnehagar. Programmet har som mål å forbetre kvaliteten i barnehagar når det gjelder tidleg innsats, sosial kompetanse, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå.
«Være Saman» arbeidar mot eit kompetanseløft for alle barnehagens tilsette. Det inneheld ein del retta mot personalet og ein aktivitetspakke der ein arbeider  i lag med barna. Senter for Atferdsforskning har stått for den faglege tilrettelegginga av kompetanseløftet.

 

 Enge barnehage skal vera ein stad der barna opplever tryggleik, leik, læring og utfordringar saman med gode venner og engasjerte, rause vaksne! 

 

Link til heimeside: www.minbarnehage.no/engebhg

Kontakt oss på telefon 53 75 81 70 eller på e-post gerd.toril.lindevik@etne.kommune.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut