Enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar i Hordaland

Parkslirekne

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeidd ein enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar.

2018-07-19

Planen er oppdatert etter risikovurderingar i Artsdatabanken si framandartsliste frå juni 2018. Risikovurderingane i framandartslista seier noko om kor stor risikoen er for at den aktuelle arten vil påverke stadeigne artar og naturtypar negativt.

I Hordaland er det registrert 79 artar i kategorien svært høg risiko (SE), 43 artar med høg risiko (HI) og 45 med potensielt høg risiko (PH). Dei fleste av dei framande, skadelege artane er plantar.

Handlingsplanen omtalar nokre artar vi meiner det bør rettast særleg merksemd mot. Den inneheld ei oversikt over generelle tiltak mot framande skadelege artar. Den inneheld òg ei oversikt over tiltak mot eit utval artar i Hordaland, med informasjon om status i framandartslista, utbreiing, kva trugsmål dei utgjer, årsak til spreiing, målsetjing og kva type tiltak som kan vere aktuelle.

Link til Fylkesmannen i Hordaland

Tip a friendTips ein ven