Talentspire

Er du ei talentspire?

Jakta på lokal ungdom som ønsker å frigjere talentet sitt er i gong.

Er du elev i ungdomsskulen (7.-10. klasse) og brenn for musikk, dans eller drama?  Meld deg på via talentspire.no innan 10. desember 2016, skriv ein kort presentasjon av deg sjølv og legg ved ein video der du fortel kva du brenn for, kvifor du har lyst til å vinne og kor du framfører eit bidrag innanfor ein av kategoriane.

Ein jury som består av lærarar frå Skeisvang VGS vil velge ut 6 søkjarar som vert inviterte til ein «superfinale» på Skeisvang VGS under besøksdagen på skulen 12. januar 2017. Her vil dei utvalgte få høve til å framføre bidraget sitt «live» for ein samla jury, og publikum i MDD-konsertsal.

Vinnar av konkurransen mottek eit stipend på kr. 10.000,- gitt av Eurojuris Haugesund.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut