Flaum

Er du ramma av flaum?

Statens naturskadeerstatning - kan gi erstatning for skader som ikkje vert dekka av privat forsikring

Den offentlege naturskadeordninga kan erstatte skader som direkte skuldast ei naturulykke som f.eks. flaum, storm, stormflo og skred. Ordninga omfattar skader der det ikkje er mogeleg å tegne privat forsikring. Erstatninga dekkjer reparasjon, og ikkje forbetring eller sikring mot ny skade.

Kven kan søkje?
• Private grunneigarar
• Tomtefestarar
• Andre med rettar til privat eigedom

Kva må eg gjera?
• Dokumentér skaden så raskt som mogeleg – ta bilete
• Dokumentér kva det vil koste å reparere skaden
• Send søknad innan tre månader etter at skaden skjedde

Kor kan eg søke og finne meir info?
Du søkjer digitalt ved å gå inn på www.naturskadeordningen.no
Her finn du info om korleis du søkjer, og kva du må vite før du sender søknad.

Kva skjer når eg har søkt?
Det er Landbruksdirektoratet som handsamer søknaden din. Du får svar frå oss når søknaden er behandla – som regel skjer det innan tre månader. Du får pengar inn på konto når vi får
dokumentasjon som viser at skaden er reparert.

For det planlagde arbeidet må det i tillegg sendast søknad til Etne kommune om tiltak i vassdrag (inkl. nabovarsel).
Dette gjeld for arbeid som ikkje er å rekne som reint vedlikehald. Kommunen sender søknaden på høyring til regionale fagstyresmakter. NVE vil gi faglege innspel, t.d. om elveførebygging, som er viktige å ta omsyn til. Sidan det tek tid med høyring, er det naudsynt å sende inn søknad så snart som råd.  

Kontaktperson i Etne kommune: Erik Kvalheim, tlf. 53 75 82 21.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut