Is 005

Er isen trygg?

Friluftsrådet Vest får nå mange spørsmål om skøyteis på vatna rundt omkring. Difor har dei lagt ut ei informasjonsside om is.

 

Friluftsrådet Vest ønskjer å få folket ut av sofaen og dataromma og finne fram skøytene nå når stadig fleire vatn får sikker is. Det er folkehelse i kvart skøytetak, men sjølvsagt dårleg folkehelse dersom nokon går gjennom usikker is!
 
Sjekk definisjonen på trygg is og korleis du skal opptre om du fell gjennom isen. Husk at du ferdast på eige ansvar.
 
Publikum er tydelegvis ivrige på å komma seg ut på skøyter og Grannar skriv om trygg is fleire stader.
Isen er allereie 12 cm tjukk ved båthamna i Etne og blir 1-3 cm tjukkare for kvar frostnatt.
Tips ein ven  Skriv ut